Orgelet frå 1985 har fått ei etterlengta renovering, utført av Torkildsen Orgelbyggeri. No skal det igjen fylla kyrkjerommet med klang og musikk – og dette vil vi feire saman med publikum!
Eit variert musikalsk program
Det blir musikk frå fleire epokar og sjangrar, frå Bach og Rachmaninov til filmmusikken frå Interstellar. Publikum får òg høyre virtuose orgelverk, vakker kormusikk og samspel mellom orgel, trekkspel og messingblåsarar.
Medverkande er kantor Marc Labruijere på orgel, tenor Hallvar Djupvik, trekkspelar Knut Ivar Bøe, Skodje Blandakor under leiing av Jon Gorrie og ei blåsargruppe frå Ørskog Brass.
Det blir pause med servering av kaffi og kake.
Gratis inngang – alle er hjarteleg velkomne!
Vi håpar du vil vere med og feire det nye livet til orgelet i Ørskog kyrkje.