Dåp
Gratulerer med barnet, og velkomen til dåp!
Om lag 85 prosent av alle som bur i Norge er døypte. I vår del av landet er prosenten høgare. Mange vil at den kristne trua som dei sjølve vaks opp med skal førast vidare til eigne barn.
Men dåpen er mykje meir enn tradisjon. Dåpen er også eit sakrament og vert ofte kalla for ei heilag handling. Dåpen er ei gåve. Barnet vert Guds barn, fødd på nytt ved Den Heilage Ande. Vi trur at dette skjer når presten auser vatnet på hovudet til barnet og døyper ho/han til den Treeinige Gud sitt namn. Det er uråd å forstå eit slikt under, men likevel trur kyrkja at Gud på denne måten kjem inn i livet til den døypte.