Konsert i Volsdalen kirke


Konsert i Volsdalen kirke


Sunnmøre Oratoriekor med urframføring av messa "The Circle of Life" Søndag 31. mai kl. 18:00

Korkonsert med etterklang frå pandemien

 

Sunnmøre Oratoriekor med urframføring av messa «The Circle of Life»

 

 

Vi alle har ulike minne frå tida då landet vart nedstengt fordi eit virus herja i heile verda og spreidde frykt. Mange vart sjuke, dei fleste blei heldigvis friske igjen utan varige mén. Men nokre vart alvorleg sjuke og nokre kom seg diverre ikkje vidare i det heile tatt.

Når vi ser tilbake, så var denne tida ganske skremande og viste oss tydeleg kor skjørt livet eigentleg er. Nei, ein kan ikkje ta livet for gitt. Ein må vere takksam for kvar ein dag som ein får oppleve.

 

Då innskrenkingane var på sitt strengaste, så kunne kreativiteten blomstre likevel. Mange kunstverk vart laga i desse åra. Eit eksempel er messa «The Circle of Life» som Bert Handrick komponerte i 2021.

 

Sunnmøre Oratoriekor er eit prosjektkor med base i Volda og samlar interesserte korsongarar frå regionen og utover. Koret har erfaring med framføring av ulike store korverk. No har dei tatt på seg utfordringa med å øve inn denne messa. Den er skriven for 8-stemt kor, piano og orgel og brukar eit ganske så harmonisk tonespråk med vekt på klangfargar og pulserande rytmer. Dei som likar å høyre på klassisk-romantisk kormusikk med innslag frå populærmusikkverda à la Morten Lauritsen, Ola Gjeilo og Dan Forrest, vil finne seg godt til rette her. Samtidig har komponisten lagt vekt på å finne gode gjenkjennelege symbol til å koble messeinnhaldet saman med tankane og opplevingane frå pandemiåra. Det blir truleg ikkje vanskeleg for dei fleste å kunne relatere seg til bodskapen.

 

Musikarane som koret har fått med seg til dette prosjektet, er pianisten Olav Egge Brandal og organisten Robert Clark. Brandal har sitt opphav frå Brandal på Søre Sunnmøre og har studert ved musikkhøgskulen i Oslo. Han jobbar som pianolærar på Hamar og som frilansmusikar elles. Clark flytta frå London til Fiskå for å overta stillinga som kantor i Vanylven for nokre år sidan. Han er sjølv ein veldig dyktig kordirigent og komponist og likar musikalske utfordringar.

Komponisten Bert Handrick er kunstnarisk leiar og fast dirigent i Sunnmøre Oratoriekor. Han har studert komposisjon i heimbyen sin, Dresden, og i Tokyo og jobbar som kantor i Volda. For at publikum skal få ei lettare forståing av denne messa, skal han gje ein kort presentasjon av verket i starten av konserten.

 

«The Circle of Life» skal urframførast i to konsertar siste helga i mai - først i Volda kyrkje og så i Volsdalen kirke i Ålesund.

Under konserten i Volda skal det nye digitale Johannus-orgelet takast i bruk for første gong. Dette instrumentet skal gjere teneste fram til hovudorgelet på galleriet er ferdig restaurert.

I Volsdalen kirke står det også eit digitalt orgel som er litt eldre. Om nokon er spesielt interessert i å oppleve forskjellene mellom dei to orgla, så kan ein gjerne kome å høyre på begge konsertane. Billett kan ein få kjøpe på førehand på VIPPS (Sunnmøre Oratoriekor).

Velkomen skal de vere.

Tilbake