Wolfgang Amadeus Mozart Requiem i d-moll KV 626


Wolfgang Amadeus Mozart Requiem i d-moll KV 626


Spjelkavik kyrkje søndag 30.mars kl. 18.00 

Sunnmøre Oratoriekor Høgskulekoret og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Bert Handrick; dirigent, Karen Rosenberg Olsen; sopran,  Arnulf Hjertvik; tenor, Ragnhild Engeseth; alt og Bjørn Holum; bass

 

Siste gong Mozart sin siste komposisjon – Requiem i d-moll – blei framført her var i 2006. Det er ei stund sidan. Difor var det ikkje forunderleg at nokre korsongarar frå den tid kom med ynskje om å framføre dette meisterverket igjen.

Verket er kjent og kjært. Spesielt satsane «Dies irae», «Confutatis» og «Lacrimosa» er lett gjenkjenneleg for dei fleste når dei vert spelt på radio eller TV. Underleg verkar kanskje berre tidspunktet for å framføre det. Pasjons- og påsketida har for vanleg andre innhald i fokus enn eit rekviem har på by på. Eit rekviem er ei døsmesse som vanlegvis vert framført i helgemessehelga. Men verkhistorien til Mozart sitt Requiem gje også nokre assosiasjonar som passar godt til den tida vi er inn i no…

I år har vi den store gleda av å framføre dette verket i samarbeid med både Høgskulekoret og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda siste helga av mars. Det er stort å kunne ta opp tråden med samarbeid mellom lokale aktørar og høgskulen – noko som mange har sakna ei lengre periode no.

Solistane er like lokale som musikarane i orkesteret: Karen Rosenberg Olsen (sopran) som også er dirigent for Høgskulekoret, Ragnhild Engeset (alt), Arnulf Hjertvik (tenor) og Bjørn Holum (bass) syng både solopartiene og støttar koret. Det var eit bevist val utifrå gammal kyrkjemusikktradisjon også i Mozart si tid.

Sunnmøre Oratoriekor har etablert seg i 2022 med sitt første korprosjekt kring Bach sitt Juleoratorium. Målet med etableringa var å gje interesserte korsongarar frå Sunnmøre sjansen til å framføre store kyrkjemusikkverk som krev både solistar, orkester og eit stort kor minst ein gong i året. Koret forstår seg sjølv som prosjektkor som samlar mellom 45 og 60 korsongarar frå heile regionen og frå prosjekt til prosjekt – med unntak av Volda kyrkjekor som alltid er med som initiativtakar og kjernen i dette prosjektkoret. Slik som i livet er det også med dette koret: vegen er målet. Difor er øvingsprosessen den viktigaste delen av heile konseptet. Koristane lærar mykje om bakgrunnen til musikken dei syng, om komponisten si levetid og om musikalske uttrykksmidlar korsongarar har til råde for å få fram bodskapen best mogleg. I dette tilfellet var det Mozart sitt Requiem som koristane har studert litt nærmare dei siste vekene.

Samarbeidspartnarar kring Mozart sitt meisterverk er Høgskulekoret som koret sin dirigent, Karen Rosenberg Olsen, har øvd med før begge kora har slått seg saman til eit felleskor. Koret har om lag 30 songarar der spesielt positivt å nemne er at andelen mannsstemmar er svært høge.

Orkesteret ved Høgskulen i Volda er eit svært verdsatt ensemble i regionen og skal feire sitt 80 års-jubileum om to år. Orkesteret består av om lag 30 musikarar som både er profesjonelle og dyktige amatørar. Sjølv om orkesteret har sin hovudbase på Høgskulen i Volda, så kjem ein del medlemmar også frå andre stadar på Sunnmøre. Og musikarar med instrument som orkesteret ikkje har sjølv, vert leigd inn når det trengs.

Publikummet kan glede seg til å høyre dette fantasiske verket på nytt etter mange år! Ein veldig spesiell konsert i pasjons- og påsketid.

Bert Handrick, kantor i Volda (for arrangøren)

 

Billett: NOK 350

Gratis for born under 16 år

Gratis for studentar ved HiVO

Forhandssal: Tikkio

Tilbake