Fast 50% stilling som kantor/kyrkjemusikar i Ellingsøy sokn
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Kyrkjelyden har kyrkjekor som har hyppig samarbeid med Borgund kyrkjekor. Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Soknet har eit stort potensiale med mange ungdomar knytta til ungdomsklubb og speidararbeid. Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i denne aldersgruppa og som kan vere med å videreutvikle song- og musikklivet som ein del av arbeidet med å bygge kyrkjelyd.
Samarbeid med lokale musikkutøvere for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4635006325?language=nn&showExpired=False