Julekonsert med Borgund og Ellingsøy kyrkjekor


Julekonsert med Borgund og Ellingsøy kyrkjekor


Saknar du julekonsertar med mykje allsong?

Det får du når Borgund og Ellingsøy kyrkjekor inviterer julekonsert i Borgund kyrkje søndag 18.desember kl. 19.00.

Programmet er bygd på den engelske tradisjonen «Festival of Lessons and Carols». Det er ei gudsteneste som blir brukt i den anglikanske kyrkja i advents- og juletida.

Dei ni lesingane er henta både frå det gamle testamentet, med profetiane om Jesu komme, og det nye testamentet der dei mest kjente tekstane som er knytt til jula er med.
Lesingane blir knytt saman med advent- og julesalmar, «Christmas Carols». «Carol» var opphaveleg namnet på ei folkeleg vise med refreng, men etter kvart vart «Carols» brukt om alle julesalmane i engelsk tradisjon. Saman med koret medverkar Yuri Hashimoto, fløyte og Kjetil Kvangarsnes, orgel. Frode Berg les tekstane og dirigent for det heile er kantor Jann Elling Koppen.
Dei fleste av salmane koret syng er godt kjende både i den engelske og den norske tradisjonen. Forsamlinga skal få synge med på mange av salmane.

Det er gratis inngang.

 

 

Borgund og Ellingsøy kyrkjekor
Yuri Hachimoto, fløyte
Kjetil Kvangarsnes, orgel
Jann Elling Koppen, dirigent
Frode Berg, opplesing
Allsong

Gratis inngang.

Kollekt (vipps eller kontant)

Tilbake