Ålesund onsdag, 26.oktober kl 18:30.
Kvar haust inviterer vi kristne til å stå saman og gå saman, til støtte for forfulgte søsken. Dette er tverrkyrkjelege arrangement.
Årets tema er: «På flukt for sin tro». I fleire land blir kristne pressa til å flykte frå heimane sine, som ein bevisst strategi frå forfølgjarane. Hensikten er å utrydde kristen tru og og praksis. Nokre er også på flukt frå familien sin, fordi dei har valgt å følgje Jesus. Det er desse vi vil vise vår støtte til under Fakkeltoga. Vi vil stå opp for dei som deler trua vår, men ikkje har den same fridomen som oss til å leve den ut.
I Ordspråka les vi om å lukke opp munnen for den som ikkje sjølv kan tale. Dette er fakkeltoga ei flott muligheit til! Å ta ut vårt engasjement for forfulgte kristne i det offentlige rom, vise at dei ikkje er gløymde og vere ei stemme for dei. Dette er vi fri til – og det er inga sjølvfølge. La oss bruke anledninga medan vi har den!
Litt praktisk info:
Ålesund 26.10.: Oppmøte ved Paviljongen i gågata kl 18:30 Påfølgjande samling i Ålesund kirke.
Utandørs vert det appell ved Geir Langen og presentasjon av årets tema: «På flukt for sin tro». Ole Andreas Høyberg vil også synge ein song for oss. Faklar vil bli utdelt. Dei er gratis, men det blir høve til å gi ei gåve til arbeidet under samlingane i etterkant av toget.
Du kan lese meir på denne sida: https://www.fakkeltog.no/
Det er fint om de vil vere med i bøn for årets fakkeltog. Så håper vi å sjå akkurat DEG i lyset frå faklane! Varmt velkomen 😊
Med venleg helsing
Helge Åkernes og Olaug Lillian Bjørke
ÅD Møre og Romsdal
olaugb@opendoors.no / 90853939
helgea@opendoors.no / 99265620